sognekraft-privacy-policy-v1

Personvernpolitikk

Versjon 1.0 – 20.11.2018

1 Din SOGNEKRAFT-avtale med Sognekraft AS

Denne SOGNEKRAFT-APP Personvernpolicy er ein del av vilkåra for bruk av SOGNEKRAFT-APP og med det ein del av Brukaravtalen mellom deg som SOGNEKRAFT-APP-brukar og Sognekraft AS.

2 Føremålet med handsaming av dine personopplysningar

Sognekraft AS handsamar dine personopplysningar i samsvar med personopplysningslova som Sognekraft AS er underlagt av Datatilsynet. Føremålet med Sognekraft AS si handsaming av personopplysningar ved din bruk av SOGNEKRAFT-APP er i første rekkje å oppfylle dei pliktene Sognekraft AS har påteke seg for gjennomføring av Brukaravtalen. I SOGNEKRAFT-APP vert personopplysningar handsama også mellom anna til følgjande føremål:

  • Kundeoppfølging og marknadsføring
  • Vidareutvikling og forbetring av SOGNEKRAFT-APP
  • Statistikk og forbruksanalysar

3 Tilgangar i SOGNEKRAFT-APP

SOGNEKRAFT-APP treng ulike tilgangar til din mobiltelefon for at ulike funksjonalitetar i SOGNEKRAFT-APP skal fungere. Desse tilgangane er:

  •  Lagring: Data frå SOGNEKRAFT-APP systemet vert lagra i eininga og på serverar
  • Mobildata: – for at du skal kunne bruke SOGNEKRAFT-APP når du ikkje er tilknytta eit trådlaust nett.

For anna tilgjenge vil det måtte gjevast særskilt løyve frå BRUKAREN når tenesta vert teken i bruk.

  • Kamera: Video, bilete – slik at du kan ta og laste opp video og bilete
  • Endre/slette innhald i SD-kort (Android) – for at du skal kunne laste opp bilete.
  • Mikrofon: I samband med videoar som kan lastast opp på SOGNEKRAFT-APP
  • Kontaktar: For at du mellom anna skal finne personar i di kontaktliste for å kunne invitere famile og venner til å bli venn med deg i SOGNEKRAFT-APP.
  • SMS: Nyttast i samband med å sende invitasjon til personer og til også å gje informasjon om hendingar i straumnettet og annan kundeinformasjon
  • Posisjon: Dersom du har gjeve tilgang til posisjonsinformasjon vert denne informasjonen nytta til å skreddarsy tenester for deg og andre. Til dømes å automatisk registrere at du har nådd fram til ein lokasjon der du kan få gratis kWh inn på din kWh konto i SOGNEKRAFT-APP.

4 Kva slags informasjon Sognekraft AS lagrar

Sognekraft AS lagrar opplysningar som du sjølv gir opp i SOGNEKRAFT-APP når du registrerer deg, data som vert innhenta frå Elhub eller andre register, og dei data som vert generert når du brukar tenesta.
Sognekraft AS lagrar følgjande data i den grad dei er gjort tilgjengelege:

  • Dei data som du sjølv gjer tilgjengeleg i SOGNEKRAFT-APP.
  • Ditt telefonnummer og di e-postadresse
  • Kva slags mobil eining du brukar og eininga sitt operativsystem
  • Navn, adresse, fødselsdato
  • Demografiske data
  • Epost og annan kontaktinformasjon om familie og venner
  • Målarnummer, straumforbruk frå straummåler og annan informasjon relatert til energiforbruk
  • Informasjon om bustaden og bustadrelatert informasjon for mellom anna å utarbeide prognosar
  • Personlege preferansar med fokus på straum, energiforbruk, miljø, og emne som ligg inn under det same
  • Andre data som er viktige for å lage gode kunderelasjonar.

5 Utlevering av personopplysningar

Informasjon som kan knyttast til deg som person vil ikkje bli delt med andre med mindre det følgjer av denne Brukaravtalen, er heimla i lov eller at du spesifikt har samtykkja til det.

Sognekraft AS kan dele personopplysningane dine med underleverandørar som handsamar personopplysningane på våre vegner (datahandsamarar). Overføring av personopplysningar til slike datahandsamarar skjer i medhald av datahandsamaravtalar som mellom anna hindrar at datahandsamaren brukar opplysningene for andre føremål. Overføring av personopplysningar til Sognekraft AS sine datahandsamarar vert ikkje sett på som utlevering.

Sognekraft AS vil også utlevere personopplysningar til anna føretak i Sognekraft AS-konsernet, dersom utlevering er nødvendig for å tilfredsstille konsernbaserte styrings-, kontroll- og/eller rapporteringskrav fastsett i lov, eller i medhald av lov. Dette skal likevel berre skje dersom handsaminga av dine personopplysningar er underlagt teieplikt i det føretaket opplysningane vert utlevert til.

6 Kundeoppfølging og marknadsføring

Sognekraft AS kan informere deg om produkt og tenester som vi meiner er relevante for deg. Sognekraft AS vil også kunne gje deg informasjon om andre produkt ved bruk av elektronisk marknadsføring, dersom du har samtykt til dette. Dette inneber at Sognekraft AS kan sende deg nyttig informasjon og tilbod om produkt og tenester ved hjelp av elektronisk kommunikasjon i SOGNEKRAFT-APP-appen, til ditt mobilnummer eller til di oppgjevne e-postadresse. Samtykkje etter denne føresegna omfattar elektronisk marknadsføring av alle typar produkt og tenester, og ikkje berre produkt du tidligare har samtykkja til. Du kan når som helst trekkje samtykkjet ditt ved å gå inn på innstillingar i SOGNEKRAFT-APP.

7 Innsyn, retting og sletting

Du kan få innsyn i dei opplysningane Sognekraft AS har registrert om deg ved å sende ein skriftleg og underteikna førespurnad til Sognekraft AS. Sognekraft AS ber deg ta kontakt for å rette opplysningar om deg som skulle vise seg ikkje å vere korrekte. Personopplysningar vil ikkje bli lagra lenger enn det som er nødvendig for å oppfylle føremålet med handsaminga. Etter dette vil opplysningane verte sletta eller anonymisert, med mindre opplysningane skal eller kan lagrast ut over dette som følge av lov. Dette gjeld også dersom du slettar din SOGNEKRAFT-APP profil. Opplysningar om dine transaksjonar vil bli lagra av Sognekraft AS så lenge lovgjevinga krev det.

8 Sikring av personopplysningar

Personopplysningar som Sognekraft AS samlar inn, vert lagra og handsama på ein trygg og sikker måte. Sognekraft AS har etablert og dokumentert rutinar og tiltak som skal sikre opplysningane sin integritet, tilgjenge og konfidensialitet.

9 Endringar

Sognekraft AS kan endre denne personvernpolicyen for å følgje lovmessige krav, samt Sognekraft AS sin eigen praksis for innsamling og handsaming av data. Ved større endringar vil du måtte godkjenne vilkåra på nytt.

10 Handsamingsansvarleg

Sognekraft AS er handsamingsansvarleg for handsaming av personopplysningar som framgår av denne personvernpolicyen. Dersom du har spørsmål rundt SOGNEKRAFT-APPs personvernpolicy, ta kontakt med Sognekraft AS på kunde@sognekraft.no, eller på telefon +47 57 69 86 00.