sognekraft-consent-v1

Bruksavtale

Versjon 1.0 – 20.11.2018

1 OM TENESTA

SOGNEKRAFT-APP er ein applikasjon frå Sognekraft AS (SOGNEKRAFT) som gjev deg informasjon om straumforbruket og høve til reduserte straumutgifter i tillegg til mange andre funksjonar, og som kan lastast ned som ein applikasjon til mobiltelefonar og andre einingar.

2 AVTALEINNGÅING

2.1  Avtalen og partar

Denne avtalen inneheld vilkåra i dette dokumentet og SOGNEKRAFT-APP Personvernerklæring (felles nemnt som «AVTALEN»). I tillegg til vilkåra i AVTALEN, gjeld også dei til ei kvar tid relevante føresegnene som følgjer i norsk lov elles. Partane i AVTALEN er deg som brukar, heretter BRUKAREN/BRUKAR/du og Sognekraft AS, Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn, Norge, org.nr.: 916069634, heretter SOGNEKRAFT.

ELHUB er ei teneste som omfattar alle måledata for straum i Norge. Dette inneber drift av ei permanent teneste i kraftmarknaden som fungerer som eit bindeledd mellom nettleverandørar og kraftleverandørar. Det var Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) som i 2013 gav Statnett i oppdrag å etablere ein datahub for dette føremålet.

2.2 Kva som må til for å kunne bruke SOGNEKRAFT-APP

Alle vilkåra under må vere oppfylt for at du kan bruke SOGNEKRAFT-APP:

  • SOGNEKRAFT-APP fungerer på nyare telefoner med iOS og Android.•
  • Du må ha ei e-postadresse.
  • Du må ha gjort deg kjent med og akseptert denne Avtalen.

3 BRUK AV SOGNEKRAFT-APP

3.1  Kva SOGNEKRAFT-APP skal brukast til

SOGNEKRAFT-APP er meint som eit tilbod til kundar av Sognekraft og til dei som kan tenkje seg å bli kunde av Sognekraft på eit seinare tidspunkt.

3.2  Registrering

Før du byrjar å bruke SOGNEKRAFT-APP må du opprette ein brukarprofil.

3.3 Tilgang til forbruksdata

Ved å akseptere vilkåra i avtalen får Sognekraft samtykkje til å innhente informasjon frå ELHUB eller andre kjelder om det forbruket i kWh som BRUKAREN har og annan relevant informasjon om installasjonen(-ane) hjå BRUKAREN for å nytte dette til å gje deg informasjon om forbruk, utarbeide prognosar, gjere samanlikningar med andre forbrukarar, statistikk og anna som gjev deg som BRUKAR og/eller Sognekraft verdi.

3.4 Lagring av data

Dei data Sognekraft innhentar og dei data som du som BRUKAR legg inn i SOGNEKRAFT-APP lagrast i SOGNEKRAFT-APP applikasjonen og på nødvendige dataservarar slik at du som BRUKAR skal kunne finne tilbake til desse data frå same eller ulike einingar.

4 PRISAR

Bruk av SOGNEKRAFT-APP er per dags dato gratis. Eventuell innføring av pris, vil varslast minimum 2 månader i førevegen.

5 DITT ANSVAR

For at dine data ikkje skal bli sletta eller endra av uvedkomande er det viktig at du vernar om brukernamn og passord som du nyttar for å logge deg inn på eininga, og også at du sikrar eininga mot misbruk så lenge du er logga inn som brukar på SOGNEKRAFT-APP.

6 ELEKTRONISK KOMMUNIKASJON

Ved å inngå denne Avtalen aksepterer du at Avtalen vert inngått på eit elektronisk medium og at det same gjeld for endringar i Avtalen. Du aksepterer at Sognekraft og samarbeidspartar kan kommunisere med deg direkte i SOGNEKRAFT-APP, til det telefonnummeret du har gjeve opp i SOGNEKRAFT-APP eller på den e-postadressa du har gjeve opp. Sognekraft kan informere deg om produkt og tenester som vi meiner er relevante for deg. Sognekraft vil også kunne gje deg informasjon om andre produkt ved bruk av elektronisk marknadsføring.

7 PERSONVERNERKLÆRING

For informasjon om personvernpolicy vert det vist til eigen skildring av dette i dokumentet “SOGNEKRAFT-APP – personvernerklæring

8 GENERELLE FØRESEGNER

8.1 Avtaletid og oppseiing

Avtalen gjeld så lenge Sognekraft tilbyr SOGNEKRAFT-APP. Sognekraft kan velgje å avslutte SOGNEKRAFT-APP med to månaders varsel. Sognekraft kan seie opp Avtalen med deg på to månaders varsel. Dersom du har brote Avtalen kan Sognekraft sei den opp utan varsel.

Dersom du ønskjer å sei opp Avtalen kan du gjere dette ved å slette brukaren din i SOGNEKRAFT-APP eller å kontakte Sognekraft. Merk at Avtalen held fram å gjelde sjølv om du slettar SOGNEKRAFT-APP frå eininga di. Dersom du ikkje nyttar SOGNEKRAFT-APP over ein periode på seks månader, kan Sognekraft velgje å deaktivere din SOGNEKRAFT-APP-profil.

8.2 Endringar i Avtalen

Sognekraft kan endre Avtalen utan varsel. Dei til ei kvar tid gjeldende vilkår i Avtalen vil vere tilgjengeleg i SOGNEKRAFT-APP og på www.sognekraft.no. Endringar som ikkje er til din fordel kan Sognekraft berre gjennomføre med to månaders varsel. Dersom du ikkje ønskjer å akseptere endringar i Avtalen må du sei opp Avtalen og avslutte din bruk av SOGNEKRAFT-APP. Dersom du brukar SOGNEKRAFT-APP etter ei endring av Avtalen vert endringane sett på som som vedtekne av deg. Endringar i registreringsprosedyrane for å ivareta lovkrav, tryggleikskrav, eller for å hindre ulovleg aktivitet, kan Sognekraft gjennomføre utan varsel. Du kan når som helst kontakte Sognekraft og be om å få desse vilkåra oversendt.

8.3 Mellombels opphald av Avtalen

Sognekraft sine plikter etter denne Avtalen opphøyrer mellombels dersom det oppstår omstende utanfor Sognekraft sin kontroll og som Sognekraft ikkje med rimelegheit kunne føresjå eller unngå følgjene av og som umogleggjer oppfyllinga av Avtalen.

8.4 Sognekraft sitt ansvar

Sognekraft er utan ansvar for brukaren- eller andre sin bruk av tenesta og informasjon som brukaren eller andre registrerer, mottek, lagrar, sender ut eller på annan måte vert gjort tilgjengeleg ut over det som følgjer av ufråvikeleg norsk lov.

Sognekraft fråskriv seg eit kvart ansvar for uautorisert tilgang til, tap og/eller øydeleggingar av data og/eller forstyrringar av informasjonsflyt, forårsaka ved brukaren-  eller tredjemann sine handlingar eller unnlatingar, eller som følgjer av driftsmessige forstyrringar. I den grad lova tillet det, skal totalansvaret for Sognekraft og deira leverandørar og distributørar i høve til krav i samband til desse vilkåra, herunder garantiar som ikkje kan ekskluderast i høve til lova, vere avgrensa til summen du betalte for tenesta (eller om vi vel det, å levere tenesta på nytt).

Når lova tillet det, er Sognekraft og verksemda sine leverandørar og distributørar ikkje ansvarleg for tap av forteneste, inntekt eller data, økonomiske tap, indirekte eller spesielle tap, følgjetap, straffeerstatningar eller strafferettslege tap. Sognekraft, verksemda sine leverandørar og distributørar skal ikkje i nokon tilfelle vere ansvarleg for tap eller skade som ikkje med rimeligheit kan tenkjast å inntreffe.

I einskilde land kan du ha ytterlegare rettar som forbrukar. Dersom du brukar tenestene til personleg føremål, utgjer ingenting i desse vilkåra eller dei ytterlegare vilkåra avgrensa av eventuelle forbrukarrettar som ikkje kan fråskrivast ved kontrakt.

Sognekraft  er ikkje plikta til å drive nokon førehandskontroll eller sensur av den informasjonen som vert gjort tilgjengeleg via tenestene. Sognekraft tek atterhald om retten til utan varsel og utan grunngjeving å fjerne eller endre informasjon som ein har blitt gjort kjent med, og som etter Sognekraft  si vurdering er i strid med norsk eller annan si lovgjeving, vilkåra for bruk av den aktuelle tenesta eller som kan gje grunnlag for ansvar for eller kritikk mot Sognekraft eller ikkje fell saman med Sognekraft sin omdømeprofil.

8.5 Garantiar og ansvarsfråskrivingar

Vi tilbyr Tenestene med eit kommersielt rimeleg dugleiks- og bruksnivå, og vi håpar at du får nytte av dei. Nedanfor forklarer vi elles en del ting vi ikkje lovar når det gjeld tenestene våre.

Med mindre det uttrykkelig merkt i desse vilkåra eller ytterlegare vilkår, gjev verken Sognekraft eller våre leverandørar eller distributørar spesifikke løfter når det gjeld tenestene. Vi lovar til dømnes ingenting når det gjeld innhaldet eller spesifikke funksjonar i tenestene, eller at tenestene er pålitelege, tilgjengelege, at det vert teke tryggleikskopi av dine data eller at dei dekkar dine behov. Tenesta vert gjort tilgjengeleg utan nokon form for garanti.Einskilde jurisdiksjonar har ytterlegere garantiar, som til dømes underforståtte garantiar for salbarheit, eigenskapar for bestemte føremål eller vern av opphavsrettar. Vi ekskluderer alle underforståtte garantiar i den grad lova tillet det.

8.6 Kontakt med Sognekraft om SOGNEKRAFT-APP

Uansett kva førespurnaden gjeld kan du kontakte Sognekraft for hjelp og informasjon på: kunde@sognekraft.no, eller på telefon +47 57 69 86 00.

8.7 Tvisteløysing

Denne Avtalen er styrt av norsk rett. I tilfelle ein tvist der du er usamd med Sognekraft og vi ikkje løyser saka til din fordel, kan du bringe saka inn for Sogn og Fjordane tingrett.